Karen Helga Maurstig

Karen Helga Maurstig

GrafikkGrafikk/Trykk
Kopiert URL til utklippstavlen

Eg er grafikar og bur og arbeider på Jølster i Sogn og Fjordane. Eg er fasinert av handverket og den taktile tilnærminga dei grafiske teknikkane innbyr til. Etter fleire opphald i Japan brukar eg ofte den japanske tresnitt-teknikken mokuhanga – vassfargar, rislim og vatn - fleire sjikt av transparente lag gir djupe fargetonar.

Eg er alltid på leit etter stillheit og finn motiva mine oftast i detaljar i naturen og i naturfenomen. Bilda mine er aldri realistiske kopiar av motivet. Av og til trer motivet meir tydeleg fram, andre gonger fører prosessen meg til eit punkt der treplata set avtrykk utan fargar.

Japansk filosofi og estetikk set fokus på den intuitive opplevinga av naturen. Eg ynsker å få fram ei meditativ stemning, ei kjensle som kan opne for refleksjonar rundt vår plass i naturen - i fellesskapet.